Studiesenter Kysten

Ta etter- og vidareutdanning ved Fagskulen med full løn

Studiesenter Kysten etablerer og vidareformidlar kurs og utdanningar det er behov for i vår region, og vi tilbyr fullt utstyrte kontorplassar med alle fasilitetar på våre lokale studiehubar.

Fagskulen Vestland er saman med Fagskulen Viken og Fagskulen Innlandet med i ein forpilot til Industripiloten, der dei tilbyr korte utdanningar som tilsette kan få full løn i inntil to veker for å gjennomføre.

Regjeringa bidreg med 100 millionar til etter- og vidareutdanning for tilsette i industrien. Desse midlane skal i hovudsak gå til lønsrefusjon til bedrifter, omfatta av Industriovereinskomsten, som gir tilsette fri med full løn i inntil to veker for å ta korte studium. Fondet er eit trepartssamarbeid mellom Fellesforbundet, Norsk Industri og staten. Les meir her: Forside – Industriens kompetansefond.

For 2025 dekkjer fondet kurstilbod i ein avgrensa kurskatalog med tolv utvalde fagskuletilbod.

Fagskulen Vestland tilbyr desse fire studia: