Utdanningshub
FLORØ
Er du student og bur i Florø eller «gamle Flora kommune»?
Utdanningshub’en i Florø ligg i Byx Cowork i Florø sentrum, Strandgata 52. Her er det fleire fullt utstyrte kontorplasser, samt moglegheit for å booke både eget kontor og større møterom. Vi deler lokale med næringsselskapet Aksello og deira inkubatorverksemder, samt anna lokalt næringsliv. Her kan du treffe medstudentar, men og bedrifter som kanskje treng studentar for oppgaveskriving, praksisplass eller jobb. Du har og tilgang til fellesareal, kjøkken og toalett.
Vår studiekoordinator Vanja har kontor i same etasje. Hjertelig velkommen.
Vi tilbyr:
• Gode arbeidsplassar inkludert internett og digitale verktøy (skjerm, tastatur, mus m.m)
• Møterom med skjerm og oppkoblingsmuligheter for digitale samlinger
• Stillerom og eget kontor som kan bookes
• Tilgang til fellesareal, kjøkken og toalett





Frode Nybø
Kompetansekoordinator Florø
Sjølv om Frode kom til Florø først ved skulestart, reknar Frode seg som en ekte «Florøværing». Utvandra i forbindelse med militærteneste og deretter studiar, og traff kona «Lotta» under studiar i Australia. Samen flytta de til London og deretter Oslo, og i 2012 til Florø, og har sønene Casper (18) og Cornelius (15).
Frode har over 20 års erfaring innanfor IT, prosjektleiing og forretningsutvikling innanfor fleire bransjar, inkludert internasjonal jobberfaring.
Frode er “stolt og kry” av å være frå Florø, og brenner for at det allereie imponerande næringslivet får den kompetansen de har behov for og at man kan få den lokalt … det vil gjere byen ein endå beitre plass å bu!
Frode har en Master in Information Technology og Executive Master Program in Project Management.
Telefon: 406 34 010
E-post: frode@studiesenterkysten.no