Utdanningshub
HØYANGER
Huben i Høyanger
Utdanningshuben i Høyanger ligg i 2. etasje i dei gamle lokala til Fundo. Her er det fleire fullt utstyrte kontorplassar som du er velkomen til å bruke! Her kan du òg reservere eige kontor eller større møterom når du treng det – for fysiske eller digitale møte og samlingar.
Vi deler lokale med næringsselskapet Høyanger Næringsutvikling, Leira næringspark og anna lokalt næringsliv. I huben kan du treffe medstudentar, men òg bedrifter som kanskje treng studentar for oppgåveskriving, praksisplass eller jobb. Du har tilgang til fellesareal, kjøkken og toalett.
Vår studiekoordinator, Aina, har kontor i 3.etasje. Hjerteleg velkommen!
Vi tilbyr:
• Gode arbeidsplassar inkludert internett og digitale verktøy (skjerm, tastatur, mus, skrivar m.m)
• Møterom med skjerm og tilkopling for digitale samlingar
• Stillerom og eige kontor
• Tilgang til fellesareal, kjøkken og toalett






Aina Drage
Kompetansekoordinator Høyanger
Aina har ein solid pedagogisk bakgrunn med 19 års erfaring frå skuleverket i Høyanger. Parallelt med lærarrolla fullførte ho ein mastergrad i læring og undervisning. Erfaringa med å gjennomføre høgare utdanning lokalt har gitt ho ein sterk motivasjon for rolla som kompetansekoordinator: Ho brenn for å leggje til rette for at fleire – kanskje nettopp du – får moglegheita til å vidareutvikle kompetansen sin utan å måtte reise frå heimstaden.
Etter åra i skulen har Aina tileigna seg brei erfaring innan forvaltning og rettleiing, først som rådgjevar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og dei siste fem åra som mobbeombod i Vestland fylkeskommune.
Aina er driven av eit sterkt engasjement for menneskeleg utvikling. Ho meiner at trivsel og gode resultat oppstår når individet får arbeide med det dei brenn for, blir støtta i prosessen og får bryne seg på nye utfordringar.
Denne filosofien tek ho med seg inn i rolla som kompetansekoordinator. Målet hennar er å leggje til rette for suksess gjennom tett samarbeid og ved å kople behova i næringslivet med ambisjonane til den enkelte.
Kompetansehuben i Høyanger skal vere ein arena der nyskaping, kompetanseutvikling og meistring går hand i hand.
Telefon: 918 79 092
E-post: aina@studiesenterkysten.no