Studiesenter Kysten er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger.
Vi arbeidar saman med det lokale arbeidslivet for bidra til relevant kompetanseheving der du bur, og skape eit godt studentmiljø i din by eller bygd.
Alle kommunane har ein kompetansekoordinator. Kompetansekoordinatorane legg til rette for utdanning og kurs som bedriftene har behov for – der du bur og arbeider.
Studiesenter Kysten har sju utdanningshubar. I tillegg til ein plass og sitte, kan du knytte kontakt med bedriftene i ditt lokalmiljø, vere med på næringsarrangement og delta på sosiale aktivitetar for studentane. Utdanningshubane er kostnadsfrie for studentar.
Ta kontakt med din lokale kompetansekoordinator!