Studiesenter Kysten

Utdanningshub

ASKVOLL

Arlen Solheim

Kompetansekoordinator Askvoll og Fjaler

Arlen er oppvaksen og bur i Dale og har 4 barn og 2 barnebarn. Ho har budd nesten heile livet i Dale bortsett frå 3 år i Gulen og eit par år fordelt på Førde og Bergen i samband med utdanning. Arlen er sosial og likar å engasjere seg i lokalsamfunnet og har i ei årrekke deltatt i lokalrevy og Dale Idrettslag som trenar, lagleiar og i styret.

Ho er veldig glad i sjøen og synest naturen på Vestlandet fantastisk og er veldig einig i ordtaket “det er eitt feitt kor eg bur hen i verda. Berre eg ser Dalsfjorden". Arlen har prosjektleiing frå HNT og har nyleg tatt faget “Berekraft i dagleg drift” ved BI.

Ho har lengst tid i arbeidslivet innan økonomi i verftsindustrien, men har også vore innom HR nokre år i transportbransjen. Siste 2,5 åra har ho starta og driv sitt eige selskap. No gleda ho seg til å legge til rette for eit godt studiemiljø i huben i Askvoll og Fjaler og håpar mange vil nytte seg av tilbodet til Studiesenter Kysten.

Telefon: 948 19 275
arlen@studiesenterkysten.no