Studiesenter Kysten

Studiesenter Kysten Askvoll

Tett opp til jul hadde vi Arlen og Reidar frå Studiesenter Kysten planleggingsmøte med Rådgjevar næring i Askvoll kommune, Arve Åsnes og Representant for Askvoll Næringsutvikling, Endre Lykkebø.

Veldig kjekt å kome i gang med arbeidet med Studiehub Askvoll.

Vi hadde gode diskusjonar og erfaringsutveksling der vi mellom anna diskuterte:

  • Utfordringar og moglegheiter for næringslivet i kommunen.
  • Kva er viktig for Studiesenter Kysten å ha fokus på og kva kan vi bistå med
  • Kordan nå ut til alle med informasjon om Studiesenter Kysten og moglegheitene det skapar
  • Kva ledige næringslokale finnast

Arlen som er studiekoordinator i Askvoll vil framover søke kontakt med næringsliv og studentar for å kartlegge kva behov som finnast for kortare og lengre utdanning/kompetanseløft.

Arlen og Reidar ser fram til tett og godt samarbeid om Studiesenteret i Askvoll med næringsliv og kommune.

Studiesenter Kysten vil informere meir om kva vi kan tilby deg og di bedrift på førstkommande møte i Askvoll Næringsutvikling, håpar vi sjåast der!