Møt kompetansekoordinator for Studiesenter Kysten
Møt studiekoordinatorane for Studiesenter Kysten
No er kompetansekoordinator som skal ta vare på utdanningshubane i Høyanger, Fjaler, Solund, Høyanger, Askvoll, Florø og Måløy tilsett. .
Studiesenter Kysten handlar både om bedriftene sitt behov for kompetanse og studentane sitt behov for eit studiemiljø. Studiesenter Kysten er eit desentralisert studiesenter på Kysten av Fjordane i Vestland og er skapt i samarbeid mellom Kommunane: Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger med utdanningshubar i alle samarbeidskommunane. Med de fem studiekoordinatorane som vi har fått med på lager er vi trygge på at både lokalt næringsliv og studentar vil bli godt tatt imot
Møt Frode Nybø
Kompetansekoordinator for utdanningshub Florø
Sjølv om Frode kom til Florø først ved skulestart, reknar Frode seg som en ekte «Florøværing». Utvandra i forbindelse med militærteneste og deretter studiar, og traff kona «Lotta» under studiar i Australia. Samen flytta de til London og deretter Oslo, og i 2012 til Florø, og har sønene Casper (15) og Cornelius (12).
Frode har over 20 års erfaring innanfor IT, prosjektleiing og forretningsutvikling innanfor fleire bransjar, inkludert internasjonal jobberfaring. Frode er “stolt og kry” av å være frå Florø, og brenner for at det allereie imponerande næringslivet får den kompetansen de har behov for og at man kan få den lokalt … det vil gjere byen ein endå beitre plass å bu!
Frode har en Master in Information Technology og Executive Master Program in Project Management.
Møt Anne-Stine Meland
Kompetansekoordinatorfor utdanningshub Måløy
Født og oppvaksen i flotte Måløy. Flyttet ut for å ta utdanning, og ble utanbys i omtrent ti år fordelt på Volda, Bergen, Trondheim og til slutt Malaga. Dette førte til en allmennlærerutdannelse og en master i vitenskap og teknologistudier. Studiane tok henne også nokon turar til det afrikanske kontinent og slik sett fart på hennas interesser for både kultur, natur og samfunnet vi lever i, og ikkje minst kva vi gjer ut av det.
Tilbake i Måløy, og tre barn seinare, jobba hun som lærer i fleire år før denne fantastiske moglegheita med Studiesenter Kysten dukka opp. Nå håper hun mange ser moglegheita med fleksibel og desentralisert utdanning og drar godt nytte av den.
Møt Laila Johannessen
Kompetansekoordinator for utdanningshub Hyllestad og Solund
Studiekoordinator Laila er gift med ein Åfjorddaling, har 3 vaksne barn og 2 små barnebarn. Ho kom til Hyllestad i 1975 som 7 åring, og har stort sett budd her heile livet. Ho har budd nokre år i Bergen og Førde i samband med utdanning og jobb. Mor til Laila er frå Solund, og i barndommen ferierte dei alle somrar på holmen på Saltskåren.
Laila er skikkeleg stolt av å vere frå Ytre Sogn, ha nærheit til fjorden, havet og fjella, bu i eit område der ein finn sjelero, fokuserer på geologiske og kulturelle verdiar og har eit “hav” av vekst og –utviklingsmoglegheiter. Tenk om Studiesenter Kysten kan bidra til at arbeidslivet og “folka” utviklar etterspurt kompetanse saman?
Av utdanning har Laila ein bachelor innan administrasjon og leiing frå BI, samt masterstudie frå NTNU i Innovasjon- og endringsleiing. Masterutdanninga tok ho på deltid i vaksen alder. Laila har også formell styreleiarkompetanse frå BI.
I løpet av 35 år har Laila opparbeidd seg allsidig fag- og leiarerfaring frå bedrifter som Sparebanken Sogn og Fjordane, Bergen kommunerevisjon, Førde kommunekasse, Hauglandsenteret, Hyllestad kommune, Gjensidige Bank ASA og som gründer av eMal.
No gleda ho seg til å legge til rette for eit godt studiemiljø i huben i Hyllestad og Solund og håpar mange vil nytte seg av tilbodet til Studiesenter Kysten.
Møt Arlen Solheim
Kompetansekoordinator for utdanningshub Askvoll og Dale
Arlen er oppvaksen og bur i Dale og har 4 barn og 2 barnebarn.
Ho har budd nesten heile livet i Dale bortsett frå 3 år i Gulen og eit par år fordelt på Førde og Bergen i samband med utdanning. Arlen er sosial og likar å engasjere seg i lokalsamfunnet og har i ei årrekke deltatt i lokalrevy og Dale Idrettslag som trenar, lagleiar og i styret.
Ho er veldig glad i sjøen og synest naturen på Vestlandet fantastisk og er veldig einig i ordtaket “det er eitt feitt kor eg bur hen i verda. Berre eg ser Dalsfjorden”.
Arlen har prosjektleiing frå HNT og har nyleg tatt faget “Berekraft i dagleg drift” ved BI.
Ho har lengst tid i arbeidslivet innan økonomi i verftsindustrien, men har også vore innom HR nokre år i transportbransjen. Siste 2,5 åra har ho starta og driv sitt eige selskap.
No gleda ho seg til å legge til rette for eit godt studiemiljø i huben i Askvoll og Fjaler og håpar mange vil nytte seg av tilbodet til Studiesenter Kysten.
Møt Aina Drage
Kompetansekoordinator for Høyanger
Aina er ei positiv, løysingsorientert, utadvendt og aktiv dame frå Høyanger. Med nordnorsk grunnmur kom ho til industristaden Høyanger som 14-åring, og trivast veldig godt!
Aina er utdanna lærar og har jobba 19 år i skulen. Som lærar fekk ho òg moglegheita til å vidareutdanne seg til ein mastergrad i Læring og undervisning. Det å kunne få lov til å fullføre masteren «heimefrå» var ein luksus – og ho gler seg til å bidra til at fleire, kanskje nettopp du, kan få moglegheita til å utvikle kompetanse og høgare utdanning – «heimefrå».
Etter 19 år i skulen har Aina vore rådgjever hos den gang Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og dei siste 5 åra har ho vore mobbeombod i Vestland fylkeskommune.
Aina drives av grunntanken om at vi alle trivst best når vi får holde på med det vi likar, når vi får lov til å bli gode, når vi blir heia frem og når vi får utfordre og utvikle oss.
Dette tar ho med seg i rolla som studiekoordinator – legge til rette for suksess gjennom samarbeid og gjennom møter mellom bedrifter sine behov og den enkelte sine ønsker! Huben i Høyanger skal vere ein stad kor utvikling, nyskaping og meistring skjer!