Prosjektleiar Reidar Grønli møtte eit engasjert kommunestyre i Hyllestad den 14. desember. Her fekk dei folkevalde god orientering om kva Studiesenter Kysten er og kva moglegheiter det kan gi. No kan studentar enkelt ta del i opplæringsløp også frå Hyllestad og vere med i eit felles miljø med god kontor/studieplass, møterom, fellesrom og nettverk inn mot fagskule og høgare utdanning.
Målgruppa er studentar og lokalt arbeidsliv.
Fokus er på: studentar som normalt studerer ved ein utdanningsinstitusjon, men minst like viktig er dei som vil studere på deltid og jobbe og bu her i Hyllestad.
lokalt arbeidsliv sitt behov for kompetanse både no i framtida er i fokus!
Det er gratis for studentane å bruke utdanningshuben som er lokalisert på Leirvik Senter.