Studiesenter Kysten

Om oss

Studiesenter Kysten er eit desentralisert studiesenter på kysten av fjordane i Vestland og er skapt i samarbeid mellom kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger.

Vi arbeidar saman med det lokale arbeidslivet for å bidra til relevant kompetanseheving der du bur, og å skape eit godt studentmiljø i din by eller bygd.

I ei tid der krava til produktivitet og det grøne skiftet aukar, blir kompetanse stadig viktigare for industrien og næringslivet.

Teknologi gir nye moglegheiter og stiller nye krav, samstundes som det blir meir utfordrande å rekruttere rett kompetanse. Å utvikle kompetanse internt blir derfor enno viktigare.

Alle kommunane har ein kompetansekoordinator som er dedikert til å hjelpe arbeidslivet med å leggje til rette for utdanning og kurs som bedriftene har behov for – der du bur og arbeider.

Vi har etablert utdanningshubar i nesten alle kommunane.

I tillegg til ein plass å sitte og arbeide, kan du knytte kontakt med bedriftene i ditt lokalmiljø, vere med på næringsarrangement og delta på sosiale aktivitetar for studentane.

Utdanningshubane er kostnadsfrie for studentar.

Ta kontakt med din lokale kompetansekoordinator!

Nettverket Studiesentera i Vestland (SIV) 

Studiesentera i Vestland (SIV), som består av HVK Studiesenter​, StudieHub – Fjordane Studiesenter​, Studiesenter Kysten​ og Sogn Kompetanse, har samla seg i eit koordinerande nettverk. Til saman representerer SIV 23 kommunar i Vestland og kring 160 000 innbyggarar. SIV er ikkje ei formell og fysisk eining, men eit fellesskap.

Målet med SIV er å styrke oss som éin aktør ved å inngå eit strategisk samarbeid om utvikling og gjennomføring av kompetansetiltak, kompetansedeling og profilering i våre regionar. Vidare fungerer SIV som eit fellesskap opp mot relevante samarbeidspartnarar.