Om oss
Studiesenter Kysten er eit desentralisert studiesenter på kysten av fjordane i Vestland og er eit samarbeid mellom kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Kinn og Solund.
Vi arbeidar saman med det lokale arbeidslivet for å bidra til relevant kompetanseheving der du bur, og å skape eit godt studentmiljø i din by eller bygd.
I ei tid der krava til produktivitet og det grøne skiftet aukar, blir kompetanse stadig viktigare for industrien og næringslivet. Teknologi gir nye moglegheiter og stiller nye krav, samstundes som det blir meir utfordrande å rekruttere rett kompetanse. Å utvikle kompetanse internt blir derfor enno viktigare.
Alle kommunane har ein kompetansekoordinator som er dedikert til å hjelpe arbeidslivet med å leggje til rette for kurs og utdanningar som både kommune og bedrifter har behov for – kompetanseheving der du bur og arbeider.
Vi har etablert utdanningshubar i alle kommunane.
I tillegg til ein plass å sitte og arbeide, kan du knytte kontakt med bedriftene i ditt lokalmiljø, vere med på næringsarrangement og delta på sosiale aktivitetar for studentane.
Utdanningshubane er kostnadsfrie for studentar.
Ta kontakt med din lokale kompetansekoordinator!