Studiesenter Kysten

UiB tilbyr «Fantastiske Data» – eit gratis heildigitalt kurs om data og digitalisering

Digitalisering er ikkje berre for dei store aktørane. Med rett kunnskap kan små og mellomstore verksemder bruke data til å vekse, effektivisere og ta betre avgjerder. Emnet DIGI610 – Fantastiske data gir deg ei grunnleggjande forståing for data, digitalisering og teknologi – altså dei naudsynte verktøya som trengst for å kunne ha handa på rattet i ein data- og KI-driven kvardag.

Emnet Fantastiske data startar i februar 2026 og skal gi grunnleggjande kunnskap om data som grunnsteinen i all digitalisering:

  • Digitalisering og datafisering
  • Ulike typar data og eigenskapane deira
  • Livsløpet til ulike typar data
  • Bruksområde for forskjellige typar data

Emnet er 100 % nettbasert og går over 8 veker frå februar til april. Alle kan melde seg på, du treng ingen forkunnskapar og det kostar deg kun kr 650,- i semesteravgift.

Bli med på digitalt informasjonsmøte!

  • Torsdag 11. desember kl. 09:00–09:30
  • Digitalt via Teams
  • Meld deg på her før kl. 08 same dag, så sender vi deg lenke til møtet

Fredrik Breien frå UiB presenterer emnet. Du får òg praktisk informasjon om opptakskrav og korleis du søkjer. Vi set av god tid til spørsmål.

DIGI610 Fantastiske data går våren 2026, parallelt med to andre DIGI-emne om IKT-sikkerheit og Kunstig intelligens. Påmeldinga er open og det er førstemann til mølla så lenge vi har ledige plassar.

Les meir om DIGI-emna og meld deg på

Enkelte av Studiesenter Kysten sine lokasjonar vil legge opp til at ein kan følge forelesning hos dei, ta kontakt med din lokale hub dersom det er aktuelt!