HVL tilbyr to heildigitale emne innan berekraft
Studiesenter Kysten har vore med og gjeve innspel til HVL si utvikling av to kurs innan berekraft.
Med stønad frå Vestland fylke er desse opne for søknader.
Det er no to små heildigitale emne som er lyst ut for våren 2026:
Berekraftsrapportering med fokus på ESRS VSME
• 2,5 studiepoeng
• Digital undervisning med både asynkron og synkron undervisning
• Oppstart: 10. mars 2026
• Emnet passar for alle som er interesserte i å lære om berekraftsrapportering og europeiske standardar, og gjerne jobbar med rekneskap
• Studieavgift: kr 7 490,-
Endringsleiing med læringsrom for berekraftig utvikling
• 2,5 studiepoeng
• Digital undervisning med både asynkron og synkron undervisning
• Oppstart: 9. mars 2026
• Emnet passar for alle som er interesserte i å lære om korleis organisasjonar kan jobbe for å lukkast med omstilling og endring, både i privat og offentleg sektor
• Studieavgift: kr 7 490,-
Sjå meir informasjon om emna på nettsida til kurspakken her:
https://www.hvl.no/studier/studieprogram/barekraftrapportering-omstilling-og-innovasjon/
Søknadsfristen er 1. desember.