Seminar om psykososialt arbeidsmiljø i Florø
Studiesenter Kysten arrangerte tysdag 15. september seminar om psykososialt arbeidsmiljø i samarbeid med Arbeidstilsynet. Seminaret samla deltakarar frå både offentleg og privat sektor på Byx i Florø.
Tema for seminaret var psykososialt arbeidsmiljø og kva dei nye presiseringane i arbeidsmiljølova § 4-3 betyr i praksis for verksemder. Endringane, som tok til å gjelde 1. januar 2026, tydeleggjer krava til det psykososiale arbeidsmiljøet.
Gjennom seminaret gav Arbeidstilsynet ei praktisk innføring i korleis organiseringa av arbeidet påverkar arbeidsmiljøet. Mellom anna vart arbeidsmengde, forventningar, samarbeid og støtte frå leiarar og kollegaer trekt fram som viktige faktorar.
Det vart også lagt vekt på korleis verksemder kan arbeide systematisk og førebyggjande med arbeidsmiljøet. Kartlegging av risiko, konkrete tiltak, god leiing, tydelege forventningar og eit ope ytringsklima var blant temaa som vart løfta fram.
For Studiesenter Kysten er slike arrangement ein del av arbeidet med å gjere relevant kompetanse og fagkunnskap tilgjengeleg for arbeidslivet i regionen.
Takk til Arbeidstilsynet og alle som deltok på seminaret.