Kvalitet og fleksibilitet i læring – kva betyr det i 2026?
Denne veka deltok vi i Studiesenter Kysten på fagdag med Fleksibel Utdanning Norge, der temaet var korleis vi kan sikre både kvalitet og fleksibilitet i framtidas læringstilbod.
Dagen gav mange interessante perspektiv på korleis teknologi, kunstig intelligens og nye læringsformer påverkar utdanninga framover.
Eit viktig bodskap vi tek med oss er at teknologien i seg sjølv ikkje skaper læring. Presentasjonen om elevane si bruk av KI viste korleis læringsutbyttet heng tett saman med korleis verktøya blir brukte. KI kan vere ein snarveg til raske svar, men også ein læringspartnar som utfordrar til refleksjon, dialog og djupare forståing.
Det vart peika på at forskjellen ikkje ligg i verktøyet, men i læringssynet til den som bruker det.
Vi fekk også innblikk i korleis nettbaserte utdanningstilbod kan bli styrkte gjennom lokale læringsfellesskap. Erfaringane viser at studiesenter kan vere langt meir enn ein fysisk møteplass. Gjennom pedagogisk støtte, faglege møtepunkt og lokale læringsmiljø kan studiesenter bidra til auka refleksjon, erfaringsdeling og læringsutbytte. SIV (Studiesentera i Vestland)_UIB
Samtidig vart det presentert spennande initiativ innan KI-støtta språkopplæring, tilpassa læringsinnhald og utvikling av kompetanse for ansvarleg bruk av kunstig intelligens i utdanning, arbeidsliv og samfunn. Dette er område som vil få stor betydning for framtidas kompetanseutvikling.
For Studiesenter Kysten stadfestar dagen noko vi lenge har hatt tru på: Framtidas utdanning må vere både fleksibel, relevant og tilgjengeleg der folk bur og arbeider. Men minst like viktig er det å bygge gode læringsfellesskap som støttar læring, utvikling og meistring.
Takk til Fleksibel Utdanning Norge for ein inspirerande fagdag og viktige diskusjonar om framtidas læring.