Studiesenter Kysten

Frukostmøte Fjaler Næringsutvikling

Frukostmøte Fjaler Næringsutvikling

Veldig kjekt å ha møteplassar der vi kan treffe lokalt næringsliv og veldig kjekt at næringsselskap og lokal bank saman gjer dette mogleg!

Vi i Studiesenter Kysten er heldige som får bruke disse møteplassane til å informere om oss og kva vi jobbar med.

Vi har i dag stort fokus på å kontakte næringsliv, studentar, utdanningsinstitusjonar og støtteapparatet for informere om vår rolle, få til eit godt samarbeid og kartlegge behovet for kompetanseheving.

Kort om oppgåvene til Studiesenter Kysten:

  • Vi skal kople næringsliv og studentar
  • Vi skal legge til rette for kompetanseheving som samsvarar med næringslivets behov. Dette gjeld alt frå korte kurs til lengre utdanning.
  • Vi skal formidle utdanningsinstitusjonane sine allereie eksisterande kurs/studiar til næringsliv og studentar, men kartlegge også moglegheit for å tilpasse og spisse kurs til bedrifta sitt behov.
  • Vi skal koordinere opp mot fagskule, høgskule mfl. slik at kompetanseheving kan skje der du bur og arbeidar.
  • Vi skal legge til rette for eit godt studiemiljø i Fjaler. Plassering av kontorplassar til kompetanse-huben kjem det meir info om når disse er klar.

MÅLET ER Å SAMAN FÅ TIL KOMPETANSEHEVING I DISTRIKTET
DER DU BUR OG ARBEIDER
TIL DET BESTE FOR ALLE

Akkurat no jobbar vi med å sette opp spissa kurs i prosjektleiing.


Kurset er finansiert, så det einaste du treng å gjere er å ta kontakt, så finn vi ut om dette er noko som passar deg og di bedrift eller om vi må justere kurset litt slik det passar! Ring 948 19275 eller send e-post til: arlen@studiesenterkysten.no

Registrer deg på nettsida vår som bedrift eller student www.studiesenterkysten.no


Da er du oppdatert på nyhende
Blir kopla med bedrift/studentar om du ynskjer
Melder interesse for lokal kompetanseheving