Studiesenter Kysten

studiesenter kysten

Studiesenter Kysten leverer varene og får meir statlege midlar

Studiesenter Kysten leverer varene og får meir statlege midlar

  • Dei 7 utdannings-hub’ane er etablerte og har kontakt med om lag 150 lokale studentar
  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse bidreg no med nye 2 millionar kroner
  • Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, fylkeskommunen og dei 6 kommunane forventast å bidra med 2,5 millionar for fullfinansiering av det andre studieåret
  • Desentral etter- og vidareutdanning vert enda viktigare i framtida

Studiesenter Kysten vart starta opp hausten 2023. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Askvoll, Fjaler, Kinn, Hyllestad, Høyanger og Solund. Prosjektet har som hovudmål å etablere og drifte eit desentralisert studiesenter med ein fysisk læringsarena i kvar av kommunane. Aksello er prosjekteigar, og Reidar Grønli, tidlegare rektor ved Fagskulen Sogn og Fjordane, er prosjektleiar.

Status etter eit halvt år er at alle læringsarenaene, eller utdanningshubane, er etablerte med kvar sin utdanningskoordinator. Sidan oppstart har det vore utført kartlegging av kompetansebehov i næringslivet og i kommuneadministrasjonane. Prosjektet har også knytt til seg ei mengd utdanningsinstitusjonar, mellom dei Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen Vestland, Folkeuniversitetet, Universitetet i Bergen og Noregs Handelshøgskule. 

Basert på det avdekka kompetansebehovet hos målgruppene og moglegheitene hos utdannings-institusjonane, har ein starta opp konkrete kurs og utdanningar. I alt har oppunder 100 personar, hovudsakleg frå lokale bedrifter, delteke i desse fram til no. Samstundes er dei etablerte, lokale hubane ein ressurs og møteplass for studentar som allereie er under utdanning. Av desse reknar prosjektet ca. 500 som potensielle brukarar.

I førre veke kom nyhendet at Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har innvilga nye 2 millionar kroner til Studiesenter Kysten. HK-dir har stått for meir enn 40 prosent av finansieringa hittil, og deira fortsette deltaking er svært viktig.

– Vi ser på dette som eit klapp på skuldra frå HK-dir, for den jobben som er gjort fram til no under leiing av prosjektleiar Reidar Grønli, seier Arne Olsen, konstituert dagleg leiar i Aksello.

Prosjektleiar Grønli sjølv er også glad, sjølv om, som han seier:
– Vi hadde håp om å få meir enn 2 millionar i denne runden, men alle studiesentera fekk eit kutt på ein tredjedel av søknadssummen.

Olsen og Grønli legg vekt på at etter- og vidareutdanning vert enda viktigare i tida som kjem. Dette viste seg ikkje minst i lønnsoppgjeret i år, der særleg dei såkalla frontfaga fekk gjennomslag for ei monaleg opptrapping innafor dette området i åra som kjem.

– Det er difor uhyre viktig at det finst nok kapasitet til å gjennomføre slike opplærings- og utdanningstiltak, og her speler studiesentera, som Studiesenter Kysten, ei svært viktig rolle, seier dei.

I prosjektet så langt har som sagt HK-dir stått for ca. 40 prosent av finansieringa. Sparebank-stiftinga Sogn og Fjordane har likeins bidrege med ca. 40 prosent, medan Vestland fylkeskommune og dei seks medverkande kommunane bidreg med om lag 10 prosent kvar seg. Det er forventa at den same fordelinga held seg når ein no startar planlegginga av det andre studieåret, og sånn sett var dei nye pengane frå HK-dir ein god start.

For ytterlegare informasjon om prosjektet, ta kontakt med prosjektleiar Reidar Grønli (telefon 40241494 eller e-post: reidar@studiesenterkysten.no) eller konstituert dagleg leiar i Aksello, Arne Olsen (telefon 97573599 eller e-post arne@aksello.no).