Manglar du realfag frå vidaregåande skule, og treng dette for å kunna søkja deg vidare på ei ingeniørutdanning? Høgskulen på Vestlandet tilbyr eit 1. årig realfagskurs på deltid som er nett- og samlingsbasert, med samlingar på campus i Førde.
Kurset gir deg nødvendig kompetanse tilsvarande matematikk R1, R2 og Fysikk FY1.
Mellom samlingane kan du nytta deg av Studiesenter Kysten sitt tilbod på ein av våre studiehubar.