Studiesenter Kysten

Fagskulen: Praktisk prosjektleiing – Modul 3 «Frå kontrakt til overlevering» lyst ut

Fagskulen Vestland har i samarbeid med Studiesenter Kysten og næringslivet i regionen utvikla utdanningstilbodet Praktisk prosjektleiing. Dette er ei samling av modular som anten kan takast i sin heilskap og oppnå totalt 35 studiepoeng, eller som utvalde einskildmodular på 5-10 studiepoeng.

Tilbodet er gratis og heildigitalt og er no godt i gang. Tredje modul Frå kontrakt til overlevering startar hausten 2026 og er no utlyst.

Studiesenter Kysten takkar Fagskulen Vestland for å gjere det enkelt å vidareutdanne seg – der ein jobbar og der ein bur!

Sjå meir info og søk her: https://www.fagskulen.no/utdanning/bygg-og-anlegg/fra-kontrakt-til-overlevering/