4. og 5.mars arrangerte Studiesenter Kysten styrekompetansekurs i samarbeid med Måløy Vekst og PwC. Gjennom fagleg påfyll, erfaringsdeling og nyttige verktøy fekk deltakarane verdifull innsikt i godt styrearbeid.
Kurset var ikkje berre ei læringsarena, men også ein møteplass for næringslivsaktørar som ønskjer å styrke si rolle i styret. Takk til alle som bidrog med kunnskap og engasjement.
Kurshaldarane: Terje Bjerkan (PwC), Bodil Marie Myklebust (PwC), Joachim Joensen (PwC) og Per Jørgen Silden.