Studiet «Praktisk prosjektleiing» er i gang
Fagskulen Vestland har i samarbeid med Studiesenter Kysten og næringslivet i regionen utvikla utdanningstilbodet Praktisk prosjektleiing. Dette er ei samling av modular som anten kan takast i sin heilskap og oppnå totalt 35 studiepoeng, eller som utvalde einskildmodular på 5-10 studiepoeng.
Tilbodet er gratis og er no godt i gang. Første modul Innføring i prosjektleiing starta i oktober 2024 og vart avslutta i februar 2025.
Gjennom fem digitale undervisningsøkter og mellomliggande gruppearbeid i fysiske og digitale rom har 25 studentar frå næringslivet i regionen jobba med spanande sjølvvalde prosjektplanar. Ved fullført gruppeeksamen og digital presentasjon har studentane oppnådd større generell forståing for prosjektleiing, og på papiret 5 studiepoeng.
Studiesenter Kysten takkar Fagskulen Vestland ved Eilert Årseth og fagskulelærarane Aleksander Isaksen Dahl, Johann Gjøringbø og Ole Johnny Fjorden Solberg for å gjere det enkelt å vidareutdanne seg – der ein jobbar og der ein bur!



Til hausten tilbyr Fagskulen Vestland den neste modulen innan praktisk prosjektleiing – no med hovudfokus på Anbod og kontrakter. Vi oppmodar interesserte å følge med og melde seg på når søknadsportalen opnar, klassen vert truleg fylt opp ganske raskt.
Studiet Praktisk prosjektleiing er sett saman av følgjande modular, og er planlagt som utdanningstilbod i 2025 og 2026;
- Emne/modul 1: Innføring i prosjektleiing
- Emne/modul 2: Anbod og kontraktar
- Emne/modul 3: Prosjektplanlegging
- Emne/modul 4: Produksjonsplanlegging
- Emne/modul 5: Prosjektevaluering
Og for å presisere – her er det mogleg å ta dei modulane ein sjølv ønskjer, ein treng ikkje å ha fullført ein tidlegare modul for å søke på den neste.