Prosjektleiing i leverandørindustrien
Bakgrunnsinformasjon:
Studiesenter Kysten har tilrettelagt for eit studie i regi av Fagskulen på bestilling frå Stadyard som skulle inn i eit prosjekt saman med fleire samarbeidspartar der to skrog skulle utrustast. Her ønskte dei å heve kompetansen i lag med dei andre partane medan prosjektet skreid fram. Eit kriterie var at studiet var så prosjektnært som mogleg og praktisk retta.
Vi gjekk inn i det vi kaller dialogmøte, der alle partar er involvert, både «bestillar» og «kompetanseleverandør» og koordinator. (Her er bestillar Stadyard, Ulvesund Elektro, Verlo, Måløy Verft og Fjordpipe, og leverandør Fagskolen og koordinator Studiesenter Kysten)
Utdanninga krystalliserte seg, kom under bearbeiding og vart sendt tilbake for innspill før det blei formalisert og laga studieplanar: Prosjektleiing i leverandørindustrien
Prosjektleiing i leverandørindustrien
Denne veka vart studiet Prosjektplanlegging i leverandørindustrien avslutta på Stadyard. Dette studie kom i gang etter ei bestilling frå Stadyard til Studiesenter Kysten. Dei skulle inn i eit prosjekt saman med fleire samarbeidspartar der to skrog skulle utrustast. Her ønskte dei å heve kompetansen i lag med dei andre partane medan prosjektet skreid fram. Eit kriterie var at studiet var så prosjektnært som mogleg og praktisk retta.
I to omgangar har gjengen frå Stadyard, Ulvesund Elektro, Verlo, Fjordpipe og Måløy Verft vore samla på møterommet til førstnevnte ein ettermiddag i veka. Sjølvsagt tilrettelagt av arbeidsgivar. No har dei avslutta og sit igjen med 20 studiepoeng i Prosjektleiing.
Studiet har vore midt i blinken, seier fleire av dei. Læraren Ole Anders Smørdal, som er henta inn frå Westcon har klart å skape eit engasjement nettopp fordi han har lang erfaring i akkurat dette med å drive prosjekt i verftsindustrien. I tillegg har han vist seg å vere akkurat så fleksibel og praksisretta som deltakerane var ute etter.
Du kan kontakte
Stadyard: Glenn Paris tlf: 41530844
Ulvesund Elektro: Birger Silden: 48066445
Lærer Ole Anders Smørdal (Westcon): 45411970






