Studiesenter Kysten

Prekvalifisering til sjukepleiarutdanninga

Har du eller nokon av dine kollegaer tenkt på sjukepleiarutdanninga, men tenkt at du manglar fleire av krava til opptak?
Då kan dette vere noko for deg!

Vi ynskjer å hjelpe tilsette i helse- og omsorgstenesta med å kvalifisere seg for opptak til desentralisert sjukepleiarutdanning.

Du treng ikkje ha full oversikt, studiekompetanse eller «alt på plass».
Mange har verdifull erfaring frå arbeid i helse og omsorg – og det finst fleire vegar fram mot opptak.

Karriere Vestland er ein god hjelpar på vegen og kan gje rettleiing og støtte fram mot søknad.