Seminar om psykososialt arbeidsmiljø samla lokalt arbeidsliv
Studiesenter Kysten arrangerte nyleg seminar om psykososialt arbeidsmiljø i samarbeid med Arbeidstilsynet. Seminaret vart gjennomført både i Dale og Måløy, og samla deltakarar frå både offentleg og privat sektor.
Seminaret tok utgangspunkt i dei nye presiseringane i arbeidsmiljølova § 4‑3, som trådde i kraft 1. januar 2026. Desse gjer det tydelegare kva krav som gjeld til det psykososiale arbeidsmiljøet, og kva dette betyr i praksis for verksemder
Gjennom dagen fekk deltakarane ei praktisk innføring i kva psykososialt arbeidsmiljø handlar om – og korleis det heng tett saman med organiseringa av arbeidet. Det handlar i stor grad om korleis tilsette opplever kvardagen sin på jobb, inkludert faktorar som arbeidsmengde, forventningar, samarbeid og støtte frå leiarar og kollegaer.
Eit godt psykososialt arbeidsmiljø er avgjerande for å førebyggje sjukefråvær og fråfall – og for å sikre trivsel, engasjement og produktivitet på arbeidsplassen.
Eit sentralt bodskap frå Arbeidstilsynet var at dette ikkje er «mjuke verdiar», men forhold som har direkte betydning for både helse, trivsel og produktivitet. Forsking viser til dømes at ein betydeleg del av langtidsfråværet kan knytast til det psykososiale arbeidsmiljøet.
Seminaret la òg vekt på at arbeidet med arbeidsmiljø må vere systematisk. Arbeidsgivarar har ansvar for å kartleggje risiko, vurdere utfordringar og setje inn konkrete tiltak – i samarbeid med dei tilsette. God leiing, tydelege forventningar og eit ope ytringsklima vart løfta fram som viktige faktorar for eit godt arbeidsmiljø.
For Studiesenter Kysten er slike arrangement ein viktig del av arbeidet med å styrkje kompetansen i regionen. Ved å bringe nasjonale fagmiljø tettare på lokalt arbeidsliv, ønskjer ein å gjere relevant kunnskap lettare tilgjengeleg.
Vi takkar Arbeidstilsynet for eit lærerikt og nyttig seminar – og ser fram til vidare samarbeid.