Skip to main content

Studiesenter Kysten

Studiesenter – Noregs best bevarte løyndom?

Studiesenter Kysten var til stades under Arendalsuka, der kompetanse, rekruttering og tilgang på kvalifisert arbeidskraft i distrikta gjekk igjen i fleire av arrangementa vi deltok på.

Vi var mellom anna med på «Studiesentrene – utdanningssuksessen ingen snakker om» og «Kompetanse der folk bor: Er studiesentrene Norges best bevarte hemmelighet?». Her møttest representantar frå politikk, universitet og høgskular, fylkeskommunar, NHO, LO og studiesenter frå ulike delar av landet.

Bodskapen er viktig. Mange ønskjer og treng meir kompetanse, men har ikkje moglegheit til å flytte til ein studieby eller gå ut av jobb for å studere på fulltid. Her har studiesentera ei viktig rolle.

I Studiesenter Kysten jobbar vi tett med bedrifter og kommunar for å finne ut kva kompetanse det faktisk er behov for lokalt. Så jobbar vi saman med universitet, høgskular, fagskular og andre tilbydarar for å få på plass relevante tilbod som faktisk let seg gjennomføre ved sida av jobb og familieliv. Det kan vere deltidsutdanningar, korte modular, lokale samlingar eller heilt korte kurs og dagskurs.

Vi deltok også på «Kompetanse, en forutsetning for konkurransekraft i maritim næring», arrangert av Norges Rederiforbund og NHO Sjøfart, der blant andre fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss deltok. Her var bodskapen tydeleg: Når teknologi, krav og arbeidsliv endrar seg raskt, blir tilgang på rett kompetanse stadig viktigare.

Det kjenner vi godt igjen i vår eigen region.

Difor ønskjer vi også å bli flinkare til å fortelje kva Studiesenter Kysten faktisk kan bidra med. Vi er her for bedriftene, kommunane og innbyggjarane i regionen. Har de kompetansebehov, ønskjer vidareutdanning for tilsette eller ser behov som ikkje blir dekte i dag, vil vi gjerne høyre om det.

Målet vårt er enkelt: Fleire skal kunne få kompetansen dei treng, der dei arbeider og bur.

Kanskje er studiesentera framleis ei av Noregs best bevarte hemmelegheiter, men det håpar vi å vere med på å endre!